Stordnytt

14. juli 2017 - 09:45

Klare for utslep

Dei fem Hywind turbinane – vindmøllene – har sett sitt preg på farvatnet utfor Leirvik og Kjøtteinen siste vekene. Dei er totalt 253 meter høge – 75 meter under vassflata, 178 meter over.

Å skriva landmerka om noko som flyt i sjøen, er vel ikkje heilt rett, men det må kunna gjerast unnatak for dei fem gedigne vindmøllene i ved Gullberg og Kjøtteinen.  Så høge at dei har stukke seg over  landskapet  same kva vinkel ein har sett sørenden av stordøya frå.  No er  Hywind-kvintetten klar for utslep.

– Søndag kveld startar  den del  av jobben.  Fire døger  er turen over til  feltet ved Peterhead  rekna å ta, med ein slepebåt  som dreg og ein som følgjer bak.  Siste utslep blir  ein av dei første dagar i august, opplyser  Monica Pettersen  til stordnytt.no.  Ho er  enno nokre dagar  Statoil sin plassjef  på Stord  for  Hywind-prosjektet.

– Alt arbeid har hittil gått som planlagt og det har berre vore ei sann glede  å samarbeida med  dei tilsette på Stordbase.  Ein proff gjeng som har stått på til alle tider, seier Pettersen. 

Rundt 100 personar  frå forskjellege firma  har vore engasjert i  montasjen av dei fem møllene, i tillegg kjem mannskap  på fartya som har vore hyre inn.  Det har vore en utfordrande logistikkjobb for å få alle brikkar på plass  –  ei framdrift mange interessentar har hatt høve til å følgja  frå landsida eller lystbåten.

Når det er  kysten utfor Peterhead som  er stadval  for verdast første flytande  vindmøllepark, har det både med  vind og ver, og støtteordningar  for vindkraft i Skottland å gjera.   I fjerde kvartal i år byrjar  møllene straumproduksjon

På Eldøyane blir eitt av dei fram fundamenta møllene vart bygde på ståande igjen  i beredskap, dei andre blir destruerte.

Tilbake

Relaterte nyheter:

20-07-17 Fornybar energi driver Bonheur videre
20-07-17 Her slepes fem 125 meter høye og 12.000 tonn tunge vindmøller fra Stord til Skottland
18-07-17 Siemens connecting roughly 5 million households to offshore power
10-07-17 Strong Outlook for offshore wind: IRENA
30-06-17 Rasmus Hansson: Regjeringen boikotter Stortingets havvind-satsing
28-06-17 Wind turbines for Hywind project are installed on floating foundations

Om Norwea

Vind- bølge- tidevann

Norwea er en interesse- og lobbyorganisasjon som jobber for å fremme norsk fornybar energiproduksjon. Norwea  arbeider for å skape og opprettholde et modent og langsiktig vindkraftmarked i Norge. Vi arbeider også for en langsiktig utvikling av marin fornybar energiproduksjon som utover offshore vindkraft, inkluderer energiformer som bølge- og tidevannskraft. Les mer om Norwea...

NORWEA, Vind- Bølge-Tidevann
Wergelandsveien 23b,
0167 Oslo
post@norwea.no
Tlf. +47 47 34 93 48
© Copyright 2006 - 2012
All rights reserved.